VELFERD: Medan vi ventar på eldrebølgja


 
Medan vi ventar på eldrebølgja
Av Harald Eikenæs Vengen, statsvitar og student ved Civita-akademiet

I eit slags misforstått forsvar for velferdsstaten avviser likevel nesten alle politiske aktørar å gjere dei endringane som truleg ville ha størst effekt. Kanskje må eldrebølgja med tilhøyrande utgifter kome for fullt før fleire innser behovet for ei reform av sjukeløna?

I landet som flyt over av mjølk og honning, no i form av oljepengar, er det ei vanskeleg oppgåve å argumentere for kutt i velferdsgode av noko slag. I dag er utgiftene til velferdsstaten kanskje moglege å handtere, men mellom anna Erling Holmøy ved Statistisk sentralbyrå har vist at det alt rundt 2020 vil vere ein ubalanse mellom krav til kvalitet og omfang på offentlege velferdstenester, og tilgjengelege ressursar. Difor er det viktig å starte jo før jo heller med å tilpasse velferdssystemet til ei tid der ein stor del av ressursane nødvendigvis vil bli fortært av ein naturleg auke i talet på eldre med store omsorgsbehov.

Meir enn 700.000 personar i yrkesaktiv alder står heilt eller delvis utanfor det norske arbeidslivet, og sjukefråvær er berre ei av fleire kjelder til denne utanforskapen. Éin viktig grunn til at det er viktig å ta tak i sjukefråværet, er at det står i eit så påfallande misforhold til den generelle helsetilstanden i folket. Som også statsminister Jens Stoltenberg har påpeikt, er det eit paradoks at eit land med ein av verdas beste levestandardar og lengste levealdrar, også har det høgste sjukefråværet.

Å foreslå innstramming er ikkje det same som å seie at menneske som mottar sjukeløn, misbrukar systemet. Sjølv om det innan alle system vil eksistere direkte juks og svindel, kan ein sjølvsagt ikkje rekne med at dette gjeld fleirtalet, eller ein gong ein betydeleg del av gruppa. Hensikta med ein velferdsstat er nettopp å ha eit sikringsnett ved at det offentlege trår til og hjelper dei som av ulike årsaker ikkje kan forsørgje seg sjølv for korte eller lengre periodar. Slike ordningar må dermed ha som premiss at dei som mottar sjukeløn, har eit genuint behov, og eit legitimt moralsk krav på bistand.

Sjølv om dette er utgangspunktet, må likevel alle slike ordningar ha innebygde skrankar mot overforbruk. Dette finst i berre mindre grad i dag, og behovet for dette er grunnen til at eg likevel meiner det kan rettferdiggjerast å kutte i utbetalingar ved sjukefråvær. Her må ein ta i betraktning noko så grunnleggjande som at menneske reagerer på økonomiske insentiv.

Det høge sjukefråværet sett i kontrast til den gode helsetilstanden generelt i folket, tyder på at det eksisterer eit overforbruk av sjukeløn. Med andre ord har terskelen blitt for låg, slik at det blir utbetalt meir sjukeløn enn det skulle vere grunnlag for utifrå objektive helsekriterium. Dette er på mange måtar ein logisk konsekvens av at insentiva til å stå i arbeid er for svake. Om det var økonomisk forskjell på fråvær og nærvær, ville ein ha hatt eit positivt insentiv til å arbeide, noko som truleg ville gitt seg utslag på fråverestatistikken. Å sjå bort ifrå ein slik samanheng blir søkt, og ingen alternative forklaringar på det høge norske fråveret verkar særleg truverdige. Det gir lite meining å snakke om det såkalla brutaliserte arbeidslivet, all den tid arbeidstida har gått ned, teknologisk utvikling har gjort arbeidsoppgåvene mindre fysisk krevjande, og arbeidstakarane sjølve ikkje rapporterer om eit meir stressande og krevjande arbeidsliv.

Dette er heller ikkje berre eit samfunnsøkonomisk spørsmål. Det er yttarst få personar som blir friskare av å bli fullstendig avskore frå kontakt med arbeidslivet, og det blir vanskelegare å kome tilbake i jobb jo lenger ein er sjukmeld. Dette er eit klart argument for at det er i den enkelte si interesse å oppretthalde ei viss kontakt med arbeidslivet, sjølv i periodar med nedsett arbeidsevne. Eitt av forslaga frå regjeringa sitt sjukelønsutval var nettopp å auke bruken av graderte sjukmeldingar, slik at færre blir ståande fullstendig utanfor. Ifølgje utvalet bør det vere unntaket heller enn regelen at 100 % sjukmelding blir nytta. Dette er bra både for den enkelte og samfunnet, og er eit spor som bør følgjast vidare.

Det viser også at det trass alt er mogleg å redusere fråværet ved kloke tiltak utanom det å redusere kompensasjonsgraden. Utan tvil kan mykje gjerast gjennom bevisste tiltak for å betre arbeidsmiljøet. Mellom anna har Bergen kommune fått mykje positiv omtale i det siste for tiltaka med såkalla nærværspionerar, som oppsøker kommunale arbeidsplassar med høgt fråvær og driv rettleiing om kva som kan gjerast for å redusere fråværet. Slike tiltak er utelukkande av det gode, og ei eventuell endring i kompensasjonsgraden må ikkje stoppe denne type arbeid.

Den omfattande debatten om sjukelønsordninga som har gått dei siste åra, viser at mange innser at det er eit problem at ein så vidt stor del av folket står utanfor arbeidslivet. Dette er positivt. Det er også bra at mange engasjerer seg i og har idear om korleis fråværet kan reduserast. Det er likevel påfallande at det kanskje mest effektive verkemiddelet, nemleg ei justering av sjølve lønskompensasjonen utbetalt ved sjukdom, er unntatt frå debatten. Professor i samfunnsøkonomi, Kjell Vaage, har treffande karakterisert dette som å «snu alle steiner utenom den største».

Dette var også premisset for det regjeringsoppnemnde ekspertutvalet som skulle vurdere tiltak for å få ned fråværet: utvalet kunne sjå på alle tiltak, bortsett frå at kostnaden for arbeidsgivar og arbeidstakar ikkje skulle bli større. Det er for å seie det forsiktig inga enkel oppgåve å skulle sørgje for innsparingar utan å ha moglegheit til gjere noko med den mest sjølvsagde kostnaden. No kom utvalet som nemnt med fleire kreative og gode forslag, men også dei skulle altså arbeide under unødvendig avgrensa rammer.

Velferdsdebatt i Norge får dessverre ofte preg av at alle forslag om reformer blir sett på som forsøk på å rasere velferdsstaten. Ein kunne få inntrykk av at ein har funne den perfekte utforminga ein gong for alle i Norge, og at eitkvart kutt i offentlege utgifter ville føre oss rakt tilbake i barbariet. No er det slik at vi har føre oss ein kraftig vekst i talet på eldre med behov for omsorgstenester, som vil legge beslag på store ressursar. Det er dermed ikkje mange år til det vil bli nødvendig med tøffare prioriteringar av offentlege midlar. Om ein alt no gjer gjennomtenkte endringar i måten vi organiserer velferdsstaten på, vil vi stå betre rusta til å møte desse utfordringane.

Ei moderat tilpassing av sjukeløna, med sterkare insentiv til å arbeide, ville vere eit godt bidrag til denne prosessen.

Artikkelen sto på trykk i Stavanger Aftenblad 13.10.2010.

Støtt Civita

Civita er en liberal tankesmie som gjennom sitt arbeid skal bidra til økt forståelse og oppslutning om de verdiene som ligger til grunn for en fri økonomi, det sivile samfunn og styrket personlig ansvar. Civita er en ideell virksomhet. Vårt arbeid består av debattmøter, seminarer, publikasjoner, skolering og viktige innspill i samfunnsdebatten. Dette er gjort mulig ved hjelp av støtte fra private.

Ditt bidrag vil bidra til at Civita kan fortsette det viktige arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

GI DITT BIDRAG HER »