Kutt er rettvis politikk

Av Lars Gauden-Kolbeinstveit, filosof i Civita.

«Atter stig sjukefråværet», kunne ein lesa på førstesida til Dag og Tid førre veke. Like sikkert som at det nærmar seg jul og snø på marka, stig altså sjukefråværet.

Journalist Jon Hustad viste i ein lang og god artikkel kvifor sjukefråværet er så høgt i Noreg. Hustad kritiserer også at det ikkje vert gjort noko med det alle veit kan fungera, nemleg redusert sjukeløn og at verksemdene ber ein del av kostnadene.

Eg trur at ein av hovudgrunnane til at dette openberre ikkje vert gjort, er at eit falskt omgrep om rettferd dominerer i sjukelønsdebatten. Dei som ønskjer kutt i sjukelønsordninga, må difor verta flinkare til ikkje berre å hevda at kutt er naudsynt av samfunnsøkonomiske grunnar. Skal ein vinna denne debatten, må ein få fram at kutt i seg sjølv er rettvis og god politikk, i tillegg til at kutt er naudsynt for ei meir berekraftig ordning.

Det er kanskje ikkje eins eiga skuld at ein vert sjuk, og ein fortener difor ei viss inntekt mens ein er sjuk, men ikkje 100 prosent. Det er ikkje rett at den sjuke skal bera alle kostnadene åleine, men heller ikkje at alle dei som står att i arbeid, skal ta heile rekninga. Den sjuke har betalt skatt mens han var i arbeid, kan ein innvenda. Ja, det har han, men ei redusert sjukeløn bør kompenserast med lågare inntektsskatt. Det vil verta meir rettvist fordi ein vil gjera folk meir ansvarlege for liva sine. Me kan alle verta sjuke. Det må me berre leva med.

Sjølvsagt skal velferdsstaten fungera som ein tryggleik for folk, men folk må også i større grad sørgja for sin eigen og medborgarar sin tryggleik på eiga hand. Det er også verdt å minna om at den private rikdomen i Noreg er større enn nokon gong. Det er altså fleire ting som tyder på at ein reduksjon i til dømes sjukelønsordninga vil verta god og rettvis politikk.

 

Innlegget er på trykk i Dag og tid 4. november 2011.

 

Støtt Civita

Civita er en liberal tankesmie som gjennom sitt arbeid skal bidra til økt forståelse og oppslutning om de verdiene som ligger til grunn for en fri økonomi, det sivile samfunn og styrket personlig ansvar. Civita er en ideell virksomhet. Vårt arbeid består av debattmøter, seminarer, publikasjoner, skolering og viktige innspill i samfunnsdebatten. Dette er gjort mulig ved hjelp av støtte fra private.

Ditt bidrag vil bidra til at Civita kan fortsette det viktige arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

GI DITT BIDRAG HER »